Rutinar for e-post

Sykkylven kommune har eit sentralt e-postmottak dit offisiell e-post til kommunen skal sendast og importerast direkte til sak i ePhorte.

Ved handsaming av e-post nyttar ein same prinsipp med omsyn til arkivbegrensing som for ordinær post.

Arkivverdig e-post som sakshandsamar mottek direkte skal snarast sendast til den offisielle e-postadressa, eller ein kan eksportere den sjølv til ePhorte. Sjå eiga rutine for dette i Risk Manager.

Sakshandsamar må dagleg lese og handsame motteken e-post. Ved lengre fråver bør det leggast inn beskjed slik at den som sender e-post veit at vedkomande ikkje er tilstades.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.