Bevaring- og kassasjonsplan (BK- plan)

Digitalt arkiv

Alver kommune har i samarbeid med kommunane i Nordhordland jobba fram ny BK- plan for digitalt skapt arkiv etter 2020. Prosjektet har vore leia av DI. (Digitalisering og Innovasjon i Regionrådet) Ny BK- plan ligg til grunn for overgang til ny arkivnøkkel jf. funksjonsbasert klassifikasjon og er implementert i ny sakssystem "Elements" frå 20.11.23.

Planen er administrativt godkjent og sendt Arkivverket og Interkommunalt arkiv i Hordaland til informasjon.

Historiske databasar:

Det er ikkje gjort kassasjon i dei historiske databasane verken for sak-/arkivsystemet, eller nokon av fagsystema frå dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy,- og vil på sikt bli deponert slik dei er.

Papirarkiv

Alver kommune - tidlegare Lindås, Meland og Radøy kommunar - har i mindre grad utført kassasjon i eigne papirarkiv. Interkommunalt arkiv i Hordaland har gjennom avtale med kommunane i samband med kommunesamanslåinga pr. 01.01.2020, ansvar for eventuell kassasjon i samband med deponering av papirarkiva.

Unntak:

Alver kommune har i samarbeid med Ikah gjort endring i høve forskrift av 27. januar 2022, nr. 123 § 7-30 tredje ledd,-  som gjeld individbasert bostøttesaker, startlån, tilskudd, grunnlån. Det er lagt opp til kun å bevare kvart 5. år, og opna for kassasjon av resterande arkivmateriale etter 10 år.  

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.