|
Lovgrunnlag Elevar i aldersgruppa 6-16 år er i grunnskulealder og vil som hovudregel ha rett til grunnskuleopplæring etter opplæringslova §2-1, dersom dei ikkje allereie har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, jf. Opplæringslova § 3-1 første ledd. Det siste kan vere aktuelt for elevar som har fylt 15 eller 16 år. Hovudregelen er at alle barn og unge som oppheld seg i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring, jf. Opplæringslova § 2-1. Opplæringslova § 2-1 andre ledd lyder slik: "Retten til grunnskuleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månadar. Plikta til grunnskuleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månadar…." At barn og unge i grunnskulealder har ei opplæringsplikt inneber at desse ikkje kan velje om dei vil gjennomføre grunnskuleopplæring. Fritak frå denne plikta kan i særskilte tilfelle vere aktuelt – blant anna dersom opphaldet berre vil vare kort tid utover tre månader, jf. § 2-1 andre ledd. Departementet har delegert denne avgjerda til Fylkesmannen. Lova gjev barn og unge i grunnskulealder ein rett til ei offentleg grunnskuleopplæring i samsvar med opplæringslova og tilhøyrande forskrifter. Grunnskuleopplæringa skal normalt starte det året barnet fyller 6 år og varer til eleven har fullført det tiande skuleåret, jf. § 2-1 fjerde ledd. Retten til grunnskuleopplæring gjeld frå det tidspunkt det er sannsynleg at barnet eller den unge skal opphalde seg i Noreg i lengre tid enn tre månader. Retten til grunnskuleopplæring gjeld og om barnet eller ungdommen oppheld seg i landet ulovleg. Det er tilstrekkeleg at barnet eller ungdommen faktisk har opphaldstad i Noreg. Det er som hovudregel kommune der barnet eller den unge er busett som skal oppfylle retten til grunnskuleopplæring, jf. Opplæringslova § 13-1. Kartlegging Dersom eleven har rett til grunnskuleopplæring, må ein kartlegge om eleven treng særskilt norskopplæring. Kartlegginga skal avdekke eleven sine norskferdigheiter, om eleven har rett til særskilt språkopplæring og i so fall kva type særskilt norskopplæring. Det er ikkje gjeve nasjonale føringar for kva slags kartleggingsverktøy som skal nyttast, men Udir har utvikla eit kartleggingsverktøy til læreplanen i grunnleggande norsk. Sjå vedlegg 1 ( bokmål ). Enkeltvedtak Dersom kartlegginga syner at eleven har rett til/ikkje rett til særskilt norskopplæring, skal det skrivast eit enkeltvedtak. Sjå vedlegg 2. Plan for grunnleggande norskopplæring Dersom vedtaket konkluderar med at eleven har rett til særskilt norskopplæring, skal planen for grunnleggande norskopplæring følgjast. Sjå vedlegg 3 ( bokmål ). Denne planen er ein overgangsplan som skal brukast til eleven er i stand til å følgje opplæringa etter den ordinære læreplanen i norsk. Planen er aldersuavhengig og nivåbasert, og strukturert i fire hovudområde:
- Lytte og tale
- Lese og skrive
- Språklæring
- Språk og kultur
For kvart av desse områda er det kompetansemål på tre nivå. |